Kort fortalt

Kraftig fall i utanrikshandelen med varer

Fall med om lag ein firedel.

15.06.2020
(NPK-NTB): Verdien på varene Noreg eksporterte i mai, fall med 26 prosent frå same månad i fjor, til 56,2 milliardar kroner. Også importen gjekk kraftig ned.
Verdien på importvarene var til saman på 57,4 milliardar kroner, noko som er ein nedgang på 14,5 prosent, skriv .
Dermed enda Noreg med eit handelsunderskot på 1,2 milliardar kroner i mai.
Det er først og fremst lågare prisar på gass, råolje og raffinerte mineraloljeprodukt som bidreg til fallet i eksportverdien.
Eksportverdien for råolje var i mai på 16,2 milliardar kroner, som er 17,8 prosent lågare enn i mai i fjor. Oljeprisen låg i mai i snitt på 342 kroner fatet, mot 590 kroner fatet i fjor.
Samtidig fall òg fastlandseksporten kraftig, og var med 32,6 milliardar kroner 21,9 prosent lågare enn i same månad i 2019. Her bidreg lågare eksportvolum og nedgang i eksportverdien av raffinerte mineraloljeprodukt til nedgangen, saman med fall i mellom anna eksportverdien for aluminium og fisk.
(©NPK)

Publisert: 15.06.2020 09:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26