Kort fortalt

Kraftig resultatfall for Equinor

Overskotet meir enn halvert.

07.05.2020
(NPK-NTB): Det kraftige fallet i oljeprisen og låge gassprisar, påførte Equinor dramatisk svekt resultat i første kvartal. Og framtida er usikker, ifølgje sjefen.
– Dei finansielle resultata våre i kvartalet var påverka av lågare råvareprisar. Vi leverte likevel god operativ drift med rekordhøg produksjon og solid kontantstraum under desse marknadsforholda, seier konsernsjef Eldar Sætre i samband med framlegginga av resultata for første kvartal i år.
Equinor fekk eit justert driftsresultat på 2,05 milliardar dollar i første kvartal i år – under halvparten av driftsresultatet i same periode i fjor, på 4,19 milliardar dollar.
Overskot etter skatt er redusert til 560 millionar dollar, frå snautt 1,54 milliardar dollar i første kvartal i fjor. Det kjem fram av resultatframlegginga til det norske energikonsernet torsdag morgon.
Lågare prisar for både væsker og gass påverka driftsresultatet for kvartalet, opplyser Equinor.
(©NPK)

Publisert: 07.05.2020 08:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27