Kort fortalt

Krav på 2,3 mill. etter blomsterkonkurs

Langvarig underskot låg bak.

24.08.2020
Sluttrapporten frå bustyraren etter konkursen i Sissels Blomster i Ørsta, viser at langvarig underskott og låg omsetning låg til grunn for at bedrifta gjekk over ende, ifølgje .
Det er kome inn 47 krav på til saman 2,37 millionar kroner. Inntekter frå sal av varelager gjer at kreditorar med førsteprioritet får att mesteparten, men det blir ikkje noko att til resten av dei som har meldt inn krav.
Selskapet , kort tid etter koronanedstenginga tok til.
– I meldinga om oppbod viste selskapet til at dei over lengre tid har slite med pressa likviditet. Vidare går det fram at koronautbrotet førte til fallande omsetnad, og at det derfor ikkje var mogleg å drive vidare, skriv bustyrar, advokat Hege Robudal Stenkløv, i rapporten til tingretten.
Styreleiar opplyser at koronautbrotet likevel var utslagsgivande for avgjerda om å melde oppbod.

Publisert: 24.08.2020 09:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25