Kort fortalt
Krav på 67,5 millionar etter konkurs
Store tap etter at Boligbygg Møre gjekk over ende.
01.05.2024
Det er kome inn krav på 67,5 millionar kroner etter konkursen i selskapet Boligbygg Møre, ifølgje Sunnmørsposten.
Truleg er det ikkje dekning for krava til andre enn dei største kreditorane Sparebank 1 Nordmøre, og Bustadkreditt Sogn og Fjordane As. Det går fram av ein rapport bustyrar Camilla Solbakken har sendt Møre og Romsdal tingrett.
– Sparebank 1 Nordmøre sitt krav er på 35,4 millionar kroner. Banken vil få noko dekt, men vil nok også tape ein god del, seier Solbakken, seier bustyrar Camilla Solbakken til avisa.
Bustyrar har bede om at det blir oppnemnd burevisor i saka.
Boligbygg Møre melde oppbod i februar i år.
Publisert: 01.05.2024 01:19
Sist oppdatert: 01.05.2024 01:21