Kort fortalt

Krev avklaringar om Romsdalsaksen

Reagerer på Tidens Krav-avsløringar.

NPK
31.08.2021

(NPK): Fylkesutvalet i Møre og Romsdal ber samferdselsministeren og regjeringa svare på om utgreiingane for konsept- og traséval for ferjefri og oppgradert E 39 Molde–Ålesund er gjort på eit fagleg og uhilda grunnlag, skriv Sunnmørsposten.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal er sterkt kritisk til handteringa Statens vegvesen har gjort av tilleggsutgreiinga for kryssing av Romsdalsfjorden.

Bakgrunnen for at fylkespolitikarane ber om svar frå regjeringa er ein artikkel i avisa Tidens Krav kor det går fram at Statens vegvesen i Molde avviste å greie ut Romsdalsaksen med undersjøisk tunnel.

Fleirtalet i fylkesutvalet er klare på at konsept- og trasevalet må vere gjort på fagleg og uhilda grunnlag fordi det vil vere avgjerande for om folk skal ha tillit til utgreiingar som ligg til grunn for politiske slutningar og prioriteringar.

(©NPK)

Publisert: 31.08.2021 11:23

Sist oppdatert: 31.08.2021 11:27

Mer om