Kort fortalt

Krev fengsel i 6 og 6,5 år

Tre hotellbrør kan få lange fengselsstraffer.

04.10.2017
NPK-NTB: Den tidlegare hotelldirektøren for Selje hotell må fengslast i seks år for brannstiftinga av hotellet. Det meiner aktor Magne Nyborg.
Aktor meiner dei to andre tiltalte i saka, som er brørne til den tiltalte eksdirektøren, må få fengsel i høvesvis 6,5 og 6 år, skriv
Dei tre tiltalte dreiv hotellet fram til brannen i fjor og er tiltalt for både brannstifting og for å ha tatt ut middel frå hotellet til privat bruk, totalt 5,4 millionar kroner.
Den 39 år gamle hotelldirektøren har innrømt straffskuld for fire av fem tiltalepunkt, men hevdar at brørne ikkje har vore involverte, noko aktor ikkje trur på. 39-åringen har likevel fått noko strafferabatt på grunn av tilståinga.
Dei to brørne var høvesvis styreleiar og kjøkkensjef på hotellet. Begge nektar straffskuld. Alle tiltalte har sete i varetektsfengsel sidan dei vart arresterte kort tid etter brannen i november i fjor.

Publisert: 04.10.2017 07:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41