Kort fortalt

Krev strengare reglar for arbeidsinnvandring

56 koronasmitta knytt til Havyard-verft.

05.10.2020
(NPK): I Hyllestad i Sogn og Fjordane er det no registrert 56 koronasmitta knytt til Havyard sitt skipsverft. Ordføraren ber regjeringa vurdere strengare reglar for arbeidsinnvandring til industrien.
Kommunen er på over 100 gonger raudt smittenivå, og smittekjelda er framleis ukjend, skriv . Verftet er stengt ned og over 500 personar i kommunen, som har om lag 1300 innbyggarar, er i karantene.
Det var måndag kveld registrert 52 smitta i Hyllestad og fire i nabobygda Lavik, som ligg i Høyanger kommune. Alle er enten tilsette ved verftet eller nærkontaktar. Det var registrert 20 nye smittetilfelle måndag, og framleis ventar ein på resultatet av mange prøvar.
Verftet har mange utanlandske arbeidarar, og ordførar Kjell Eide stiller spørsmål ved om ordningane for arbeidsinnvandrarar er forsvarlege. Dei som kjem frå EU og EØS-land blir testa når dei kjem til Noreg, men dersom dei testar negativt kan dei begynne å jobbe.
Dagleg leiar Erlend Hatleberg ved Havyard seier derimot at verftet er avhengige av dei utanlandske arbeidarane.
– Det er klart at det er ein risko når det kjem folk frå raude land. Vi må handtere det slik at vi varetek smittevern på best mogleg måte, seier Hatleberg til NRK.
Heller ikkje NHO ønsker å endre regelverket for arbeidsinnvandring, dei meiner ein først må finne ut kvifor smitten har oppstått.

(©NPK)


Publisert: 05.10.2020 21:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24