Kort fortalt

KrF vil kutte i staten i sitt budsjett

Bruker pengane på skattekutt til barnefamiliane.

26.11.2025

(NPK-NTB): Eit effektiviseringskrav på 1 prosent av utgiftene til staten og fleire andre kutt skal spara 3,1 milliardar kroner i KrFs alternative statsbudsjett.

– No prioriterer me norske familiars økonomi framfor dei offentlege sløseprosjekta til venstresida. Me meiner det trengst å ta eit oppgjer med den stadige etterspurnaden etter statlege subsidiar, seier finanspolitisk talsperson Jørgen Kristiansen i KrF.

Mellom anna ønskjer KrF å gjennomføra ei ny Abe-reform med effektiviseringskrav på 1 prosent. ABE står for avbyråkratisering og effektivisering, og blir ofte karakterisert som «ostehøvelkutt». I tillegg foreslår dei å avvikla Klimainvesteringsfondet Nysnø.

Til gjengjeld foreslår partiet mellom anna skattekutt for barnefamiliar, auka barnetrygd, og 30 millionar kroner til gratis parterapi og auka kapasitet på familievernkontora. KrF-leiar Dag Inge Ulstein seier nemleg til VG onsdag at det «bør vere vanskelegare å skiljast».

(©NPK)

Publisert: 26.11.2025 12:55

Sist oppdatert: 26.11.2025 12:55

Mer om