Kort fortalt

Krill skal gi meir fisk i teina

Forskar på favorittlyset til krill.

18.10.2017
NPK: Med lysfeller og kamera i sjøen skal forskarar finne ut kva lys krill likar best. Krillen skal igjen lokke fisk inn i teiner.
– I prinsippet kan vi bruke kril som agn i fisketeiner. Vi trekker til oss krill med lys og fisk med kril, fortel masterstudent ved Universitetet i Bergen Kamilla Furseth på nettsidene til Havforskingsinstituttet.
Fangstseksjonen ved instituttet forskar på bruken av lys i fisketeiner i prosjektet "Kunstig lys for å øke fangsteffektiviteten i teinefiske". Tidlegare forsøk på å lokke til seg fisk med lys har gitt uklare resultat. Det var først då forskarane sikta seg inn mot kril direkte og fisk indirekte, at dei fekk større fangst. Ein stim av krill lokkar fisken, ikkje først og fremst lyset.
No prøver Kamilla Furseth å finne ut kva lysstyrke og bølgjelengd, altså fargen på lyset, som lokkar mest krill, og dermed også meir fisk.
I forsøk i Masfjorden i Hordaland har masterstudenten funne ut at farga lys gir meir krill enn kvitt lys, og at blått lys gjer det betre enn grønt lys. I Ramfjorden i Troms har farga lys vore betre enn kvitt. Der var det ikkje like tydeleg skilnad mellom grønt og blått lys.
I bileta frå Masfjorden er det sei som går etter krillen. I Ramfjorden i har forskarane hatt gode resultat med lys i teiner etter torsken.

Publisert: 18.10.2017 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41