Ved ein feil blei krillskipet «Juvel» tidlegare i desember lagt ut for sal, opplyser kommunikasjonssjef Ingeborg Tennes i Aker Biomarine til .
Det var 9. desember skipsmegleren om sal av skipet på vegner av Aker Biomarine.
Ifølgje annonse heiter det at frysetrålaren seljast til høgstbydande over 20 millionar dollar. Det blir presisert at fabrikk og fryseri ikkje er inkludert i prisen, skriv avisa.
No viser det seg at det ikkje var meininga at annonsen skulle publiserast no.
– Endeleg avgjerd om kva vi skal gjere med «Juvel» er ikkje teke. For den komande sesongen har vi fleire alternativ oppe til vurdering. Blant desse er både forskingstokt, sal og kommersielt fiske. Sidan det blei klart at vi ikkje kunne bruke «Juvel» til kommersielt fiske, etter at vi kjøpte den i 2017, så har vi vurdert kva vi skal bruke den til. Sidan den gong har båten blitt brukt under eit forskingstok, og snart er den ferdig med oppussing etter brannen i 2018, skriv kommunikasjonssjef Tennes i en e-post til avisa.
Aker Biomarine møtte nyleg Rimfrost og Stig Remøy i lagmannsretten i ein strid om eit patent følgde med skipet då dei blei kjøpt frå konkursbuet etter Emerald Fisheries. Ein dom i saka er venta på nyåret.

Publisert: 18.12.2019 08:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31