Kort fortalt

Kronekursen skjuler dramatisk utvikling

Oljefondet med rekordstore tap i første kvartal. 

29.06.2020
(NPK-NTB): Aksjemarknadene gjekk ned på grunn av koronapandemien, så steig dei uvanleg mykje. Men på grunn av kronekursen har verdien av oljefondet knapt endra seg.
Fondet hadde større tap enn nokon gong tidlegare i første kvartal, medan i andre kvartal ligg det an til at fondet kan oppnå sitt kanskje sterkaste resultat nokosinne i internasjonal valuta, melder .
Men målt i norske kroner er verdien av Statens pensjonsfond utland (oljefondet) berre marginalt høgare enn ved utgangen av første kvartal. Kronekursen kollapsa nemleg i første kvartal, både på grunn av koronapandemien og oljeprisen. For oljefondet motverka kronesvekkinga den kraftige nedturen i aksjemarknadene, slik at han knapt vart synleg på verdien av fondet målt i norske kroner. I andre kvartal har krona til gjengjeld styrkte seg kraftig, på linje med oljefondet.
– Det har vore eit dramatisk første halvår. Vi må tilbake til 1930-talet for å sjå så store svingingar som vi har sett no, seier investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.
(©NPK)

Publisert: 29.06.2020 11:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26