(NPK-NTB): Oljeserviceselskapet Aibel informerte måndag om at 500 tilsette misser jobben. Omtrent halvparten av stillingane blir kutta i Stavanger.
Det var på eit allmøte med dei tilsette at Aibel kom med nyheita, fortel .
Av dei 500 stillingane som blir kutta, er det ein stad mellom 230 og 235 personar som må gå i avdelinga til selskapet i Stavanger. I tillegg blir også avdelingane i Haugesund, Bergen, Kristiansund, Stjørdal og Harstad ramma.
Kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal seier stillingane som blir kutta er innan kjernekompetansen i selskapet, altså ingeniørar.
– Men det er klart at når vi kuttar så djupt, så vil også andre typar stillingar følgje med, seier ho til avisa.
Aibel har 4.300 tilsette, og dei siste to åra har nesten 800 mista jobben. Blant anna måtte 100 tilsette i modifikasjonsavdelinga i selskapet gå før jul. (©NPK)

Publisert: 04.04.2016 21:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47