Kort fortalt

Kvalar blir satelittmerkte

Mange spermkvalar funne døde.

13.08.2020
NPK: Spermkval i Nord-Atlanteren blir for første gong merkte for å finne ut om dei blir påkøyrde av båtar. Det er funne mange døde spermkvalar i år.
– Vi har merkt seks stykke, og på sikt håpar vi å få merkt fleire. No kan vi spore dei frå dag til dag, i kanskje eitt år framover, seier kvalforskar Audun Rikardsen til .
Det er UiT, Noregs arktiske universitet, som står bak prosjektet i samarbeid med Havforskingsinstituttet.
På ein applikasjon på mobilane sine kan forskarane no følgje vandringane til dei store pattedyra.
I mars og april i år skylte minst 12 kvalar i land i Nordland og Troms. Det kan vere fleire årsaker til at kvalane har døydd, men nokre sikre svar har ingen hatt.
Nokre av kvalane hadde teikn på at dei er blitt treft av større båtar.
– Dette er ein art som kan dykke til djup over 2.000 meter. Dei ligg då lenge stille i overflate og pustar seg opp før dei dykkar igjen. Då er det utsette for å bli trefte av båtar, særleg i mørket om vinteren, seier Rikardsen.
I tillegg til å vere utsette for kollisjonar med båtar og anna skipstrafikk, er det også observert kval med merke etter å ha sett seg fast i fiskereiskapar.

Publisert: 13.08.2020 11:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25