Kring 540 leigearbeidarar bur i brakker, rom og hyblar i Sande, noko som svarar til om lag 22 prosent av alle fast busette i kommunen, skriv Vestlandsnytt.
Avisa har henta inn ei oversikt som viser at det er 15 brakkeriggar i kommunen, i tillegg til hybelhus, som nyttast til innleigd arbeidskraft.
Bustadene er i hovudsak knytt til verftsindustrien som har eit oppsving i etterspurnaden etter folk - og det er venta fleire.
– Det er veldig positivt at næringslivet treng fleire hender. På den andre sida er vi komne til eit punkt der vi bør spørje oss om det finst ei grense når det gjeld kor mange brakkeriggar vil kan gje dispensasjon til, seier kommunalsjef i teknisk sektor i Sande kommune, Kjell Martin Vikene, til avisa.
Han meiner ein bør vurdere om tolegrensa er nådd og er i dialog med fylkeskommunen om problemstillinga. Det i utgangspunktet ikkje er noko øvre grense i regelverket for talet på slike bustader.
Publisert: 12.03.2026 10:17
Sist oppdatert: 12.03.2026 10:18






