Kvar tredje bekymra for eigen økonomi
Ei ny undersøking viser at kvar tredje nordmann har kjent på uro over eigen økonomi.
Éin av åtte svarer at dei kjenner på indre uro ganske eller svært ofte på grunn av økonomien.
Tala stammar frå ei ny undersøking Respons Analyse har gjort for Frelsesarmeen. Den vart gjennomført 10.–18. mai 2023. Talet på respondentar var 1280 mellom 18 og 88 år.
I undersøkinga svarer 57 prosent at økonomien deira har vorte forverra det siste halve året. Samtidig trur 44 prosent at økonomien blir ytterlegare forverra det neste halvåret.
Dårleg økonomi får særleg konsekvensar for sommarplanane, viser undersøkinga. Éin av fem med ei hushaldsinntekt under 600.000 kroner svarer at dei reduserer sommarkos, som til dømes is til borna. 8 prosent i same gruppe droppar alle reiseplanar på grunn av økonomi.
Assisterande sosialsjef Elin Herikstad i Frelsesarmeen fortel at dei har eit tilbod til dei som ikkje har råd til eller ikkje får drege på ferie.
Publisert: 31.05.2023 11:17
Sist oppdatert: 31.05.2023 11:17