Kort fortalt

Kvotemeldinga vedteken

Men deler må konsekvensutgreiast.

07.05.2020
NPK-NTB: Høgre, KrF og Venstre fekk torsdag fleirtal for ei ny kvotemelding for fiskeria saman med Frp.
Meldinga vart vedteken med 45 mot 42 stemmer, skriv .
Men Stortinget ber regjeringa likevel om å konsekvensutgreie delar av meldinga før ho blir sett i verk.
– Ein burde greie ut noko før ein kjem til Stortinget, og ikkje etterpå, seier næringspolitisk talsperson i Senterpartiet Geir Pollestad til avisa.
– Vi kan sjølvsagt ikkje ha det sånn at politikken er for dårleg konsekvensutgreidd når vi behandlar han, seier fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Cecilie Myrseth.

Publisert: 07.05.2020 17:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27