(NPK-NTB): Det vart registrert 1.335 varsel om akutt eller fare for akutt forureining til Kystverket i fjor. Volumet av utslepp har auka frå 2015.
Med akutt forureining meinast forureining av betydning, som inntrer plutseleg, og som ikkje er tillatt etter føresegnene i eller i medhald av forureiningslova, skriv Kystverket i ei pressemelding
Det totale utsleppsvolumet av akutt forureining var 2.891.508 liter, på land og til sjø. I 2015 var utsleppsvolumet 1.363.643 liter. Auken kjem av i all hovudsak av to hendingar med utslepp frå landbaserte verksemder, opplyser Kystverket.
I 2016 vart det rapportert inn 67 grunnstøytingar. Dei fleste grunnstøytingane skjer med passasjerfartøy og fraktefartøy. Dei siste fire åra har det i snitt skjedd om lag 75 grunnstøytingar i året.

Publisert: 13.01.2017 12:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43