Kort fortalt

Lågare investeringar i fornybar energi

lågaste sidan 2010.

08.01.2024

(NPK-NTB): Ikkje sidan 2010 har norske fornybarinvesteringar vore lågare enn det dei var i 2023. Samtidig auka investeringane i oljebransjen.

Direktør Åslaug Haga i Fornybar Norge kallar det eit paradoks at investeringane i fornybar energi søkk på same tid som vi skal energiomstille og elektrifisere heile samfunnet.

– Denne trenden må snuast sporenstreks, av omsyn til klima, straumprisar og arbeidsplassar, seier ho til NTB.

Organisasjonen har samla fornybarstatistikken for fjoråret, og eitt av hovudfunna er at investeringar i kraftproduksjon har falle dei siste tre åra, medan dei har auka i petroleum.

I tillegg har investeringane i fornybar kraftproduksjon ikkje har vore lågare sidan 2010, og ny kraftproduksjon sett i drift har ikkje vore lågare sidan 2015.

– Ein del av den investeringshemmande politikken regjeringa har ført, er no fjerna. Vi trur det betyr at proppen losnar no, og at vi framover kjem til å sjå auka investeringar i fornybar energi, seier Haga.

(©NPK)

Publisert: 08.01.2024 09:04

Sist oppdatert: 08.01.2024 09:04

Mer om