Kort fortalt

Lånekundar må tole 8 prosent

Kundane får låne mindre enn før.

04.10.2023

NPK-NTB: Nye lånekundar må greie å betale 8 prosent rente på låna sine for å innfri utlånsforskrifta. Kundane får mindre i lån enn for berre få månader sidan.

– Det er vanskelegare å få lån no fordi renta er mykje høgare. Når vi skal berekne kor mykje vi kan gi i lån, må vi bruke berekningsmodellane våre på ein annan måte, seier konserndirektør Ingjerd Spiten i DNB til NRK.

Utlånsforskrifta seier at bankane må teste kundane for å sjå om dei kan tole ein renteoppgang på 3 prosentpoeng til på den samla gjelda si. Det betyr over 8 prosent for nye lån.

– Lånemoglegheita for ein heil familie har falle med rundt 300.000 kroner for ein familie som har ei samla inntekt på 1 million kroner, og det er ganske dramatisk når det gjeld kva moglegheit dei har til å finne ein eigna bustad, seier direktør Endre Jo Reite i BN Bank.

Publisert: 04.10.2023 09:03

Sist oppdatert: 04.10.2023 09:03