NPK: Sparebankstiftelsen og Foreningen les! går saman om å lage opptil hundre bokbytestader og «lesekioskar» i Televerkets gamle raude telefonkioskar, skriv bok365.no.
– Planen er å opne rundt 60 nye lesekioskar i 2020, og resten i 2021, fortel Silje Tretvoll, leiar i Foreningen! les til Foreininga har fått ansvaret med å fylle opptil hundre raude telefonkioskar med innhald, det vil seie bøker inni og aktivitetar rundt lesing.
Mottoet er «Gi en bok – ta en bok».
– Lesekioskane skal fyllast med all slags litteratur og lesestoff. Målet er at alle skal finne ei bok som passar for seg. Vi skal ta omsyn til ulike sjangrar, målgrupper og målformer og det vil vere både norsk og omsett litteratur, seier Tretvoll.
Foreininga! les har fått tre millionar kroner i gåve frå Sparebankstiftelsen til prosjektet. Totalbudsjettet er høgare, ettersom Sparebankstiftelsen også skal betale for oppussing og tilrettelegging av lesekioskane.
Noreg har tatt vare på hundre raude telefonkioskar og desse har status som verna. Det betyr at ein ikkje kan endre på eksteriøret, men at ein kan setje inn lause gjenstandar i kiosken.
Sparebankstiftelsen har inngått ein avtale med Telemuseet om bruk av dei raude telefonkioskane. Avtalen gjeld for ti år.

Publisert: 06.12.2019 15:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31