(NPK): Veterinærinstituttet har for første gong bekrefta identifikasjon av bakterien Pasteurella skyensis frå sjuk oppdrettslaks i Noreg.
Veterinærinstituttet rapporterte òg i juni om frammarsj av ein tidlegare ukjent Pasteurella-variant i norsk oppdrettslaks.
– Funn av endå ein ny variant i norsk lakseoppdrett er urovekkjande, og viser at det kan finnast eit større reservoar med sjukdomsframkallande Pasteurella i norske farvatn enn vi har rekna med. Dette understrekar igjen behovet for meir kunnskap om desse bakteriane som er blitt eit stort sjukdoms- og velferdsproblem for den norske oppdrettsnæringa i seinare tid, seier seniorforskar Duncan Colquhoun ved Veterinærinstituttet i ei pressemelding.
Den nye varianten blei identifisert i bakteriologisk rutinediagnostikk ved Veterinærinstituttet.
(©NPK)

Publisert: 06.10.2020 15:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24