Kort fortalt

Lakseprisen stuper

Under 62 kroner kiloen.

24.06.2020
NPK-NTB: Eksportprisen på norsk fersk laks fall med 11,5 prosent til under 62 kroner kiloen i veke 25.
Ved utgangen av denne veka låg kiloprisen for norsk eksportert fersk laks på 61,92 kroner, nesten 21 prosent lågare enn då året starta, men er framleis eit godt stykke over botnnivået på 54,66 kroner kiloen i veke 19, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det vart eksportert drygt 16.000 tonn fersk laks i veke 25, 6,4 prosent mindre enn i veka før.
Kiloprisens for frosen laks låg på 63,49 kroner. Det vart eksportert 250 tonn frosen laks i veke 25.

Publisert: 24.06.2020 09:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26