Fiskeridirektoratet opplyser at ein siste veka har mottatt melding om to rømingarer på Vestlandet, høvesvis i Bremanger og Kvinnherad. Begge hendingane oppstod i forbindelse med avlusingsoperasjonar.
K. Strømmen Lakseoppdrett AS varsla 16. desember om røming frå lokaliteten Løypingsneset i Bremanger. Ifølgje oppteljing frå selskapet har det rømt 6400 oppdrettslaks med snittvekt på 3 kilo frå lokaliteten. Selskapet har så langt ikkje fanga laks i forbindelse med gjenfangstfisket i sjø.
Direktoratet opplyser at røminga har skjedd nær den nasjonale laksefjorden Eidsfjorden. Fiskeridirektoratet har gitt selskapet pålegg om undersøking av to vassdrag i området, Bortneelva i Bremanger og det nasjonale laksevassdraget Eidselva i Nordfjordeid.

Publisert: 23.12.2016 14:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43