NPK: Ved årsskiftet 2017 opplevde Nortura så stor overproduksjon av lammekjøt at selskapet erklærte krisetilstand. No har vinden snudd.
Reguleringslageret til Nortura var på det høgste cirka 3.500 tonn lammekjøt, utan at salstala var gode nok. No har Nortura eit totallager på 100 tonn småfekjøt, skriv
– Nortura og norske sauebønder har gjort ein formidabel jobb, og går no mot ein ny sesong utan stort reguleringslager, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale til avisa.
Snuoperasjonen til Nortura har ikkje kome gratis. For å få opp salet har Nortura sett seg nøydde til å redusere prisen til bonden. Trass i målet om å ta ut ein pris til bøndene som er økonomisk berekraftig, har prisen til bonden gått ned åtte til ni kroner per kilo småfe dei siste to åra.
Jon Georg Dale innser at låge prisar til bøndene skapar ein krevjande situasjon, men trur sauenæringa no har bygd eit sterkt grunnlag for framtidig prisvekst. Statsråden meiner produktutviklinga til Nortura har gjort at fleire kundar har fått opp auga for norsk lam.
Nortura har tidlegare basert seg tungt på dei tre lammeprodukt: fårikål, pinnekjøtt og lammelår. No tilbyr Nortura eit breiare produktutval og brukar stykningsdelane av lam og sau til for eksempel burgarar, lammedeig, skav, filetprodukt og kotelettar.

Publisert: 07.08.2017 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41