NPK: Selskapet Smart Salmon Group har fått løyve til å starte landbasert matfiskproduksjon av laks, aure og regnbogeaure i Smørhamn i Bremanger kommune i Vestland.
Vestland fylkeskommune har gitt selskapet lov til produksjon av inntil 5.000 tonn matfisk, skriv .
Tidlegare har Smart Salmon Group også fått konsesjon for eit smoltanlegg på same lokalitet med ein årleg produksjon på 2.500 tonn.
– I Noreg vil vi leggje til rette for ei komplett eining i Smørhamn med både storsmolt og matfisk. Investering på smoltdelen er cirka 350 millionar kroner, medan matfiskdelen er på cirka 600 millionar kroner. Planen er først å byggje smoltanlegg og deretter matfisk, men med moglege kombinasjonar og tilpassingar ut frå marknad/sal på storsmolt, har dagleg leiar Ole Bakke tidlegare uttalt til ilaks.

Publisert: 05.05.2020 13:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27