Kort fortalt

Landstraumanlegg står ubrukt

Fleire av anlegga er aldri brukt.

09.10.2020
(NPK-NTB): Enova har sidan 2012 delt ut nær 650 millionar kroner til rundt 95 landstraumprosjekt langs heile kysten. Men fleire av anlegga er aldri brukt.
Eitt av formåla med tildelingane for å etablere landsstraum i hamnene rundt Oslofjorden er å oppfylle måla i samarbeidsprosjektet Utslippsfri Oslofjord. Hensikta er å kutte klimautslepp, støy og anna forureining frå båtane medan dei ligg til kai.
Drammens landstraumanlegg kosta 25 millionar kroner og stod klart i desember i for. Ikkje eit einaste skip har brukt anlegget, skriv . Heller ikkje i Moss, der landstraumanlegget har stått ferdig sidan desember i fjor, har eit einaste skip nytta det miljøvennlege tilbodet hittil.
– Per i dag har ikkje eitt skip kopla seg til. Det er ei felles utfordring dei fleste hamnene i Oslofjorden har. Det er derfor vi har etablert eit samarbeid for å prøve å påverke reiarane. Det kan bli nødvendig med både pisk og gulrot. Dei må sjå at det lønner seg, seier assisterande hamnesjef Uvar Vannebo i Drammen Havn IKS.
I motsetning til passasjerbåtane er ikkje bulk- og konteinarskipa som fraktar varer inn Oslofjorden, bygd for å ta imot landstraum. Reiarane har ikkje teke kostnaden ved å investere i det utstyret som trengst om bord.
Heidi Neilson er miljøsjef i Oslo Hamn KF, og ho påpeikar at reiarane er mest opptekne av å få ned drivstofforbruket når dei seglar.
– Eg trur nøkkelen til suksess er å tilby både landstraum, lading av elektriske batteri, og dessutan det fornybare drivstoffet i framtida, som skip vil trenge under segling, seier ho.
(©NPK)

Publisert: 09.10.2020 11:50

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:41