Skal du reise utanlands i sommar, må du belage deg på timevis med venting på Gardermoen. Festivaldoar og klappstolar er gjorde klare.
– For dei som skal reise innanlands, vil det aller meste vere normalt både ved utreise og heimkomst. Skal ein reise utanlands, vil likevel mykje vere annleis, og ein må rekne med køar og venting, seier lufthamndirektør Stine Westby til Romerikes Blad.
Avinor ber folk vere førebudde på opptil seks timar med venting ved heimkomst frå utlandet. Er du ikkje fullvaksinert, må du koronatestast, noko som inneber meir venting.
– Det er ikkje umogleg at det kan komme til å ta til saman sju–åtte timar å komme seg heilt ut av flyplassen, seier Westby.
Lufthamndirektøren forsikrar at det blir jobba med system som skal forhindre lang ventetid. I tillegg kan reglar og reiserestriksjonar endre seg raskt.
– Det blir mellom anna jobba med meir automatiske løysingar i grensekontrollen. Kjem det på plass, vil det gå mykje raskare å få passasjerane igjennom der. Då vil mykje vere løyst, seier ho.
Publisert: 01.07.2021 05:56
Sist oppdatert: 01.07.2021 05:58





