Kort fortalt

Langt fleire uselde bustader

– Eit veldig svartsyn har breidd seg.

31.10.2022

(NPK-NTB): Det blir stadig fleire uselde bustader i den norske eigedomsmarknaden – også utanfor dei tradisjonelle pressområda.

– Eit veldig svartsyn har breidd seg blant hushalda, seier sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets til Finansavisen.

– Forbrukartillitsbarometeret fall no til eit nytt botnnivå. Forbrukarane er usikre etter rentehevingane, og dei som kan komme, dei er usikre på grunn av dei auka levekostnadene og uvissa rundt energikrisa i Europa, seier ho.

Tal frå Finn.no viser at talet på aktive annonsar for brukte bustader auka vidare i Oslo, for andre år på rad. I år er auken på 36 prosent, målt mot same tid i fjor haust.

I Viken blir det omtrent selt dobbelt så mange bustader som i Oslo, og her er auken på heile 51 prosent.

Sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken Capital Markets trur bustadprisane kan falle 7,5 prosent frå årets pristopp.

– Når oktobertala kjem, kan vi godt få større fall, kanskje opp mot 1 prosent nedgang, seier han.

Hov trur at renteoppgangen, og utsiktene til nye rentehevingar, betyr meir for omslaget i bustadmarknaden enn at kjøpekrafta er svekt.

(©NPK)

Publisert: 31.10.2022 11:23

Sist oppdatert: 31.10.2022 11:24

Mer om