Bygging byggebransjen illistrasjon foto Ogne
NEDGANG: Statistikken frå bustadbyggbransjen viser at aktiviteten er på veg nedover. Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nedtur kan dempe renteauken

Det beste med den illevarslande bremsen i bustadmarknaden er at renteauken kan bli mindre enn frykta.

23.10.2022

ANALYSE

Færre nye bustadar blir selde, og det blir starta bygginga av færre bustadar. Det viste statistikken bransjeorganisasjonen Boligprodusentene la fram denne veka.

"Bransjen varsler utsettelser av flere prosjekter, ordrereserven minsker raskt, og fremover forventes det permitteringer og oppsigelser.", heiter det i pressemeldinga.

Eit anna ord for dette er nedkjøling av økonomien. Akkurat slik regjeringa vil ha det. Lenge før statsbudsjettet vart lagt fram varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum at det kom til å bli eit stramt budsjett. Det betyr at staten skal halde att på pengebruken for å ikkje medverke til at mangel på arbeidsfolk og ressursar skal presse kostnadane opp - og at Noregs Bank skal svare med å sette opp renta.

Blir nedkjølinga stor nok treng ikkje Noregs Bank auka renta så mykje, fordi andre faktorar dempar aktiviteten - og prisauken.

Kor stramt budsjettet vart er det usemje om, men at bremsene er på hos fleire aktørar er det ingen tvil om.

Møbelhandelen merka at det dabba av utover våren og fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal foreslår å utsette alle investeringar som kan utsettast, på grunn av kostnadsauke (medrekna renteauke på lån). Fylkeskommunen er ikkje åleine om at både rente og andre kostnadar har gått opp. Mellom anna er Ålesund kommune i same båt, ifølgje budsjettframlegget for 2023, og å vente med investeringar er eitt at tiltaka som blir foreslått. Det vil også merkast hos bygge- og anleggsbransjen.

Høgare rente er berre ein faktor av fleire forklaringar Boligprodusentene har på nedkjølinga. Boligprodusentene peikar på fire årsaker til at det er blitt ein tøffare marknad; høge materialkostnadar, høge drivstoffkostnadar, kundane har fått dårlegare råd og bankane er blitt meir tilbakehaldne med å låne ut pengar.

Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eikagruppen har vore den klaraste talspersonen mot renteauke, mellom anna fordi han meiner mykje av prisauken i Noreg skuldast at importerte varer har blitt dyrare. Den prisauken vil ikkje renteauke for Norges Bank påverke.

- Ting stoppar opp og folk har det vondt. Dei (Noregs Bank, red. merk) må ha eit større heilskapssyn enn å berre nistirre på inflasjonen, sa Andreassen til NETT NO under Romsdalskonferansen i slutten av september i år. Han trur Noregs Bank ikkje aukar renta meir, og i alle fall ikkje meir enn ytterlegare eitt prosentpoeng.

Om Andreassen får rett i sin spådom gjenstår å sjå, men at det er fleire faktorar som kjøler ned økonomien er det ingen tvil om.

Førebels er det god aktivitet i store deler av næringslivet på Nordvestlandet. Om nedkjølinga i økonomien berre avgrensar seg til den delen av næringslivet som så langt har merka at pilene peikar nedover kan Nordvestlandet kome godt gjennom rente- og kostnadsauken. Det er optimisme i store deler av næringslivet, mellom anna blant dei maritime bedriftene.

Då den siste bustadbygging-statistikken kom, sa Steinar Lausund i bustadbygge-konsernet Mostein at han fryktar sjølv ein kortvarig nedtur i byggemarknaden vil gjere at arbeidarar frå Polen og Baltikum vil reise heim - og ikkje kome tilbake.

Det har blitt fleire jobbar for bygningsarbeidarar i heimlandet eller kortare unna i Noreg. Det er god grunn til å ta Lausund på alvor. Kjem dei utanlandske arbeidspendlarane ikkje tilbake, blir det utfordrande å skaffe nok folk til neste opptur.

Industrien har lenge merka at det er blitt tyngre å rekruttere frå utlandet. Den har satsa meir på rekruttering av folk som bur her, mellom anna ved å ta inn lærlingar.

Ser vi kynisk på det har ei storstilt heimflytting av arbeidsfolk frå Polen og Baltikum ei anna side - at det vil halde den registrerte arbeidsløysa nede - og reduserer kapasiteten i byggebransjen. Bransjen treng ikkje fallby kvarandre for å halde hjula i gang sjølv om det blir mindre å gjere.

Vi skal ikkje gå lenger attende til då oljeprisen fall i 2014, og utløyste byggestopp hos offshorereiarane, for å finne døme på dramatiske endringar i bransjar med mange arbeidspendlarar frå andre deler av Europa.

1500 tilsette i verft og utstyrsindustri reiste frå Nordvestlandet under offshorenedturen, ifølgje NAV sitt anslag.

Publisert: 23.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.09.2023 10:39