NPK: Stad kommune i Nordfjord er lei av å vente på skipstunnel. No har dei skrive eit skarpt brev til Samferdsledepartementet etter at regjeringa har bestilt endå ein utgreiingsrapport om prosjektet.
Brevet vart lest opp på kommunestyremøtet torsdag og ordførar Alfred Bjørlo (V) fekk applaus for innhaldet ifølgje
I brevet står det mellom anna at kommunestyret reagerer sterkt på at Samferdsledepartementet skal greie ut prosjektet endå ein gong, rett før fristen for byggjestarten (statsbudsjettet for 2021) Stortinget har sett.
Stad kommune meiner det er i strid med klare signal både frå førre samferdsleminister Jon Georg Dale og noverande Knut Arild Hareide, som seinast i april 2020 opplyste i møte med prosjektgruppa for Stad skipstunnel at departementet no hadde den dokumentasjonen som var nødvendig, og at det ikkje var nødvendig med fleire utgreiingar enn dei over 20 som allereie ligg på bordet.
Stad kommunestyre føreset at regjeringa legg inn oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021, og at Stortinget tek ansvar for å få løyving på plass dersom regjeringa vel å bryte stortingsvedtaket i Nasjonal transportplan om oppstart for Stad skipstunnel seinast i 2021.
Kommunen meiner folket på kysten no har venta lenge nok.
– Vi finn oss ikkje i å bli «leika med» av embetsverk og politikarar som ser på sjøtransport som lågare prioritert enn transport på veg og bane, står det i brevet.

(©NPK)
Publisert: 22.06.2020 09:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26