Leif Gjelseth og Helge Remoy foto Fosnavag Shippingklubb
ÅRETS VINNAR: Leif Gjelseth (.t.h.) blei kåra til årets æresmedlem i Fosnavåg Shippingklubb. Her saman med styreleiar Helge Remøy under utdelinga. Foto: Fosnavåg Shippingklubb
Kort fortalt

Leif Gjelseth er årets æresmedlem

– I rundt 40 år har han utvikla og bygd industri.

Marius Rosbach
24.11.2025

Fosnavåg Shippingklubb tildelte årets ærespris til Leif Gjelseth under si juleavslutning ved Fosnavåg konserthus. 

– Årets ærespris går til ein mann som har gått i front, skriv shippingklubben om årets vinnar. 

– I rundt 40 år har han utvikla og bygd industri, heiter det vidare i omtalen.

Leif Gjelseth har i fleire tiår vore ein primus motor i å bygge opp MMC First Process til eit industrieventyr. 

– Alt har handla om å gjere problem om til mulegheiter, og gi fisken best muleg handtering anten det er på sjø eller land. Undervegs har det dukka opp «bi-produkt» som reinsing av ballastvatn, heiter det i grunngjevinga. 

Shippingklubben kjem også inn på satsinga med Erlebygg som vil bygge hus på ein betre måte med «standardiserte Lego-klossar for byggebransjen». 

– Det har vore skapt mykje, og det er meir verdiskaping i vente frå denne kanten, skriv shippingklubben avslutningsvis.

Publisert: 24.11.2025 22:14

Sist oppdatert: 25.11.2025 09:15

Mer om