(NPK): Støttemoglegheitene for småbedrifter og oppstartsbedrifter i reiselivsnæringa som er påverka av koronaepidemien, blir utvida.
– Dette gir oss større moglegheiter til å støtte dei små aktørane innanfor reiselivet, og spesielt dei som starta opp rett før virusutbrotet. Småbedrifter og oppstartsbedrifter utan økonomisk buffer har det spesielt tøft om dagen. Samtidig utgjer desse bedriftene viktige arbeidsplassar og gir verdiskaping rundt i heile landet. Nokre av dei kan kanskje utvikle seg til framtidige vekstbedrifter viss dei får draghjelp no, seier næringsminister Iselin Nybø.
Normalt kan det ikkje bli gitt statsstøtte til verksemder som er i «økonomiske vanskar», slik dette er definert i statsstøttereglane. Ei endring i EUs mellombelse retningslinjer for statsstøtte, som vart innført i samband med korona-situasjonen, inneber at det ikkje lenger er nødvendig å vurdere om småbedrifter er i økonomiske vanskar.
Dette opnar for at fleire småbedrifter kan få støtte under dei mellombelse reiselivsstøtteordningane som blir administrert av Innovasjon Noreg.
Småbedrifter er definert som bedrifter med under 50 tilsette og årsomsetning under 100 millionar kroner. Endringa vil påverke moglegheita for støtte frå Innovasjon Noreg under tilskots-- og låneordninga for pakkereisearrangørar og tilskotsordninga for omstilling i reiselivet.
(©NPK)

Publisert: 27.08.2020 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25