NPK: No gjer Mattilsynet det lettare å få tak i trygge settepoteter – og i mengder som kan passe ein hobbydyrkar.
Det er populært med poteter i kjøkkenhagen, men ein utset landbruket for stor risiko dersom ein brukar poteter frå grønsakdisken til å dyrke eigne poteter. Ein kan nemleg kome til å spreie potetskadegjerarar, som insekt, rundormar og plantesjukdommar. Desse kan gjere stor skade på norske potetåkrar i årevis. Det skal ikkje meir til enn at du brukar same sko i kjøkkenhagen og på ein tur i nærleiken av ein potetåker for å spreie skadegjerarar.
Regelverket for godkjende settepoteter har likevel ikkje vore godt nok tilpassa forbrukarmarknaden.
– Vi har sett at det er behov for å leggje betre til rette for at forbrukarar kan få tak i sertifiserte settepoteter av dei sortar og i dei mengder dei ønsker, samtidig som vi sikrar lågast mogleg risiko for å spreie potetskadegjerarar, seier Are Tømmerberg Sletta, sjef for planteseksjonen i Mattilsynet.
Endringa som no vert gjort i regelverket, vil kunne bidra til eit meir tilpassa og rimelegare innkjøp av settepoteter. I praksis betyr endringane blant anna at du no kan få kjøpt berre akkurat den vesle mengda settepoteter du har behov for.

Publisert: 07.05.2020 12:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27