(NPK): Statens vegvesen lanserer no ei betalingsløysing for omregistreringsavgifta til bilar på nett.
Sidan det allereie er mogleg å levere salsmeldinga på nett, kan heile salsprosessen dermed gjerast på vegvesen.no. Folk kan derfor få både kjøpt og selt ein bil utan å måtte møte opp på trafikkstasjonen, heiter det i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.
Den nye betalingsløysinga for omregistreringsavgifta på nett, gjer at den enkelte etter at betalinga er utført, sjølv kan laste ned og skrive ut mellombels vognkort og ta i bruk køyretøyet. Det føreset at alle andre forhold er i orden, som til dømes forsikringa.

Publisert: 11.01.2017 13:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43