Sylvi Listhaug Bjørn Meek Odd Magne Vinjevoll foto Marius 11
GODE MÅLINGAR: Frp-leiar Sylvi Listhaug får si høgaste oppslutning på ei Norstat-måling på åtte år. Her frå bedriftsbesøk i Ørsta. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Listhaug og Frp flyg høgt i ny måling

Høgre har rasa 10 prosentpoeng sidan toppen.

23.05.2024

(NPK-NTB): Ei fersk Norstat-måling viser at Høgre har stupt med 10,2 prosentpoeng sidan april i fjor. Samtidig flyg Sylvi Listhaugs Frp flyg høgt i denne målinga.

– Høgres posisjon er jekka ned, seier valforskar Johannes Bergh om Norstats ferske måling for Aftenposten og NRK.

Høgre er framleis det største partiet, men 23,6 prosent er deira dårlegaste resultat på 2,5 år. I ti strake månader målte dei over 30 prosent på Norstats måling.

– Utviklinga viser at Høgre ikkje har den suverene posisjonen som dei har hatt. Det er grunn til å seie at aksjesaka har hatt ein konsekvens for Høgre og Solberg, seier Bergh vidare.

Samtidig får Frp si høgaste oppslutning på ei Norstat-måling på åtte år, med ein auke på 0,9 prosentpoeng til 18,5 prosent.

Også Arbeidarpartiet rykkjer fram med 2,5 prosentpoeng til 19,6 prosent.

Resten av partia får denne oppslutninga i målinga: Raudt 5,7 (-0,2), SV 9,3 (-1,1), MDG 3,8 (-0,2), KrF 4,8 (+0,7), Venstre 6,5 (+1,9), Andre 3,1 (-0,9). Feilmargin for målinga samla sett er 1,4 prosentpoeng.

(©NPK)

Publisert: 23.05.2024 09:36

Sist oppdatert: 23.05.2024 09:36

Mer om