Kort fortalt

LO ber regjeringa auke oljepengebruken

– Den økonomiske politikken er for stram, meiner sjeføkonom.

29.09.2023

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): – Norsk økonomi toler no meir oljepengebruk rett og slett, seier LOs sjeføkonom Roger Bjørnstad. Han ber om løft til byggjenæringa og meir omfordeling.

Neste fredag legg regjeringa fram statsbudsjettet for neste år, og i samband med dette kjem LO-økonomen med ein tydeleg bodskap:

– Den økonomiske politikken er for stram.

Bjørnstad ber om eit meir ekspansivt budsjett, altså at oljepengebruken blir auka. Han meiner norsk økonomi kan tola dette, utan at prisane skyt ytterlegare i vêret.

– Fordi me ser at arbeidsløysa er i ferd med å auka, og økonomien er i ein nedgangskonjunktur, seier han til NTB.

På ønskelista til LO står mellom anna tiltak for å redda byggjebransjen, som slit med høge kostnader og låg bustadutbygging.

LO-økonomen peikar også på dyrtida, med mange familiar som slit med auka prisar, renteaukar, husleigeaukar og ein generelt pressa familieøkonomi.

– Me ber om at statsbudsjettet omfordeler og omprioriterer slik at ein får demt opp for dei verste verknadene av denne dyrtida, seier han.

– På kva måte kan ein gjera det?

– Det vil me komma tilbake til, men det handlar jo om å sjå på bustøtteordningar, sjå på minstesatsane, ytingane, barnetrygd, støtte til barnehagar, kva det måtte vera.

LO la fredag fram eit notat om konjunkturutsiktene for norsk økonomi.

– Både prisstiginga og rentehevingane rammar skeivt, og det er særleg grupper som frå før har dårleg økonomi som er utsette, heiter det i oppsummeringa.

(©NPK)

Publisert: 29.09.2023 15:56

Sist oppdatert: 29.09.2023 16:04

Mer om