NPK-NTB: Å tette hola i den private AFP-ordninga, pensjonsopptening frå første krone og auka kjøpekraft til alle, er LOs hovudkrav i lønnsoppgjeret i år.
LOs representantskap samla seg tysdag for å vedta krava i hovudoppgjeret. Ifølgje innstillinga frå sekretariatet er ei betre AFP-ordning i privat sektor blant dei viktigaste krava.
– LO vil i tariffoppgjeret 2018 vidareutvikle AFP i privat sektor ved tetting av hol for dei som fell frå, og sikre nivået på ytingane til slitarane. For å sikre oppslutninga om eit organisert arbeidsliv må AFP i privat sektor vidareførast som avtalefesta ordning, heiter det i kravutforminga.
AFP-ordninga i privat sektor har fleire manglar som LO vil utbetre gjennom oppgjeret i vår. Eitt av desse hola gjer at éin av fire fell ut av AFP-ordninga, blant anna ved jobbytte til ei bedrift utan AFP, ved omorganisering, nedbemanning og konkurs. LO vil også at ny AFP i privat sektor skal samordnast med AFP i offentleg sektor.
Dessutan krev dei eit forlengt kompensasjonstillegg i AFP-ordninga for å sikre slitarane, og eit eige tillegg ved tidlegavgang for denne gruppa.
Vidare vil LO ha pensjonsopptening frå første krone, for alle stillingsdelar og frå 13 år.
Det vil også komme krav om vidare endringar i Industriovereinskomsten som sikrar at arbeidsgjevar dekkjer utgifter til reise, kost og losji for arbeidstakarar som blir sende på oppdrag, og auka kjøpekraft til alle.
For første gong på ti år vil LO også gå for eit samordna oppgjer, men samtidig opnar organisasjonen for såkalla forbundsvise tilpassingar.

Publisert: 27.02.2018 15:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39