LO ut mot sentralbankens renteheving
Meiner Noregs Bank har feiltolka mandatet
(NPK-NTB): Både LO og YS er sterkt kritiske til Noregs Banks uventa renteheving. LOs sjeføkonom meiner banken feiltolkar mandatet sitt.
– Noregs Bank vektlegg omsynet til inflasjon høgare enn omsynet til sysselsetjing. Når vi no ser fallande sysselsetjing, men likevel høg inflasjon, så tolkar dei mandatet sitt på ein sånn måte at dei no skal auke renta ytterlegare. Det meiner eg er ei feil tolking av mandatet, seier LOs sjeføkonom Roger Bjørnstad til TV 2.
Han understrekar at det er Noregs Banks rett å gjere det, men meiner at politikarane må på banen og presisere at omsynet til sysselsetjing bør vege tyngre.
Sjeføkonomen er skuffa og overraska over rentehevinga og meiner Noregs Banks rentepraksis må under lupa. Han fryktar at arbeidsløysa no kjem til å auke.
Det same meiner YS, som trur problema særleg vil ramme bygg- og anleggsnæringa, der ein allereie ser at arbeidsløysa stig.
– Det er klare teikn til at norsk økonomi kjøler seg ned. Arbeidsløysa er på veg opp. Norsk økonomi har allereie fått ein kraftig dose renteheving, og vi har enno ikkje sett dei fulle konsekvensane av dette. Derfor meiner eg dagens renteheving var unødvendig, seier YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud i ei pressemelding.
(©NPK)
Publisert: 14.12.2023 16:55
Sist oppdatert: 14.12.2023 16:55