Kort fortalt

Lokaloppgjer om gigaferje

Kleven og Ulstein i finalen.

13.01.2017
(NPK): Sunnmørsverfta Ulstein og Kleven kjempar begge om å få byggje den største hybridferja i verda. Oppdragsgivar er Color Line.
Sunnmørsposten har fått opplysningar frå fleire kjelder om at Ulstein og Kleven er blant dei siste verfta som er igjen i kampen om milliardkontrakten med Color Line. Ingen av verfta vil kommentere opplysningane til avisa.
Den nye hybridferja skal etter planen gå mellom Strømstad og Sandefjord og ei avgjerd om kven som får kontrakten er venta om kort tid. Ferja kjem til å vere ei viktig fjør i hatten, då det blir den største hybridferja i verda. Ho skal etter planen romme 430 til 500 bilar og rundt 2000 passasjerar.
Skulle eitt av dei to verfta få oppdraget med å byggje den 160 meter lange ferja, vil det vere ny størrelserekord for begge to, skriv avisa.
Ulstein og Kleven har lenge kjempa om mange av dei same oppdraga. Den siste tida har Kleven fleire gonger gått av med sigeren, som då dei fekk oppdraget med å byggje dei to nye hurtigruteskipa.

Publisert: 13.01.2017 13:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43