NPK: Bø i Vesterålen kuttar i formuesskatten frå nyttår i håp om nye arbeidsplassar og høgare skatteinntekt.
Bø i Vesterålen blir første kommune i landet som kuttar i formuesskatten. Den kommunale formuesskatten blir kutta til 0,20 prosent, og den totale formuesskatten blir 0,35 prosent. I resten av landet er den på 0,85 prosent, skriv Nationen.
Kommunen kjem til å tape fire millionar i året på tiltaket, og er avhengig av nye arbeidsplassar og tilflyttarar for å dekke tapet.
Meininga bak tiltaket er å hente inn pengesterke innbyggjarar som kan investere i prosjekt i Bø.
Ordførar i Bø, Sture Pedersen (H), seier offentlege arbeidsplassar ikkje er noko å satse på.
– Det offentlege har forléte denne kommunen for lenge sidan. Det er berre privat næringsliv som kan berge oss, seier Pedersen til Nationen.

Publisert: 10.08.2020 12:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25