Ferjereiarlaget Fjord1 tilrår ikkje lenger at passasjerar blir sittande ut bilen. Dei kan bruke passasjersalongane som vanleg under føresetnad av at ein følgjer nasjonale føringar for avstand til andre, skriv selskapet i ei pressemelding. I dag, fredag 24.april, opnar selskapet dei sjølvbetente kioskane på sambanda Arsvågen-Mortavika i Rogaland og Anda-Lote i Vestland.
Innan 1.mai-helga vil Fjord1 vurdere å opne opp att sjølvbetente kioskar på fleire av dei store sambanda.
Innan 1.mai-helga vil Fjord1 vurdere å opne opp att sjølvbetente kioskar på fleire av dei store sambanda.
Publisert: 24.04.2020 08:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28





