Kort fortalt

Lovar meir distriktspoliti

Justisministeren lovar styrking av politiet i distrikta.

13.01.2022

Det skal tilsetjast fleire faste politifolk for å styrkje beredskapen og det lokale politiet i heile landet, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

I første omgang blir det rulla ut 146 faste politistillingar i distrikta. I tillegg vil det komme fleire stillingar gjennom året som følgje av at regjeringa styrkjer politiet med 200 millionar kroner i budsjettet for 2022, opplyser Mehl.

– Senterpartiet og Arbeidarpartiet er no for alvor i gang med å snu den massive sentraliseringa av politiet som Høgre og Frp stod bak, seier Mehl.

Ho er tydeleg på at stillingane skal bidra til eit synleg og operativt politi i heile landet og dessutan til å styrkje førebygging og etterforsking av kriminalitet.

– Det er snart fire år sidan Stortinget gjorde eit vedtak om ei reell styrking av dei tenestestadene som stod igjen etter politireforma. Dessverre får vi tilbakemelding om at mange politistasjonar ikkje har vorte styrkte av den førre regjeringa. Eg forventar at politimeistrane no følgjer opp slik at det faktisk blir fleire politifolk, særleg i dei områda som har mista mange politifolk. Tida for sentralisering av politiet er over, seier Mehl.

Publisert: 13.01.2022 12:55

Sist oppdatert: 13.01.2022 12:56