Kort fortalt

Luksus-satsing med norske skaldyr

Skal vere norsk spydspiss.

05.01.2017
(NPK): Skaldyr skal vere Norges Sjømatråds spydspiss i satsinga på luksusrestaurant-marknaden framover, fortel Fiskeribladet Fiskaren.
– Vi eksporterte skaldyr for 1,8 milliardar kroner i fjor. Det er opp 21 prosent frå 2015, sa Sjømatrådets administrerande direktør Renate Larsen då ho presenterte årstala for 2016 onsdag.
Største skaldyr-art (målt i verdi) var reker (740 millionar kroner) etterfølgt av kongekrabbe (529 millionar kroner).
- 2016 vart året då norske skaldyr viste seg fram for verdskokkane. Det skal vere spydspissen i åra framover i high end-segmentet, sa Larsen.

Publisert: 05.01.2017 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43