Kort fortalt

Lusevern hjelper utvandrande laks

Stor påverknad på døyelegheita.

27.05.2020
(NPK): Havforskingsinstituttet har gjennom eit fleirårig forskingsprosjekt fått bekrefta at laksesmolt som har fått vern mot lakselus har 55 gongar høgare overleving enn smolt som ikkje har fått vern.
– Lakselus er ein av dei største trugslane mot villaks. No har vi vist at det er ein sterk samanheng mellom smittepress frå lakselus (talet på lus) og døyelegheit på utvandrande laks, seier seniorforskar Thomas Bøhn ved Havforskingsinstituttet i ei sak på
– Dei nye resultata våre viser at ubeskytta laksesmolt fekk ei tilleggsdøyelegheit på heile 98 prosent dersom dei sym gjennom eit fjordsystem på eit tidspunkt med mykje lus. Dette kjem på toppen av naturleg døyelegheit, som for laks typisk er 90–95 prosent, seier Bøhn.
For å undersøkje kor mange laks som overlevde, sette forskarane ut parvise og samanliknbare grupper med laksesmolt. Halvparten av fisken fekk kjemisk behandling mot lakselus og den andre halvparten var kontrollgruppe som ikkje fekk behandling mot lus.
– Gruppene blei sette ut ved fire ulike tidspunkt; i mai og juni i 2013 og 2014. Dermed fekk vi resultat frå fire ulike periodar, med fire ulike tettleikar av lakselus. Totalt hadde vi 30.000 laks med i eksperimentet, seier Bøhn.

(©NPK)


Publisert: 27.05.2020 10:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26