Kort fortalt

Lyd & Lys-bedriftene frå støtte

Kulturkrisepakke blir utvida.

18.06.2020
NPK-NTB: Stortinget har vedteke å utvide krisepakken til kulturen til også omfatte underleverandørar som sørgjer for lys og lyd under konsertar og annan scenekunst.
– Vi har lagt inn 1,5 milliardar kroner i krisepakkar til kulturen, som ikkje har treft lyd, lys og teknikk. No arbeider vi med å inkludere dei i ordninga, slik at vi faktisk får sjå ein konsert igjen. For utan desse blir det ikkje nokon konsert, seier Kristin Ørmen Johnsen (H) som leiar familie- og kulturkomiteen til .
Kulturminister Abid Raja (V) er innforstått med at ikkje alle ledd i den kulturelle verdikjeda blir fanga opp i stor nok grad av støtteordningane som er innført.
– Eg er glad for at vi no har komme eit langt steg vidare i arbeidet med å inkludere òg underleverandørane til kulturarrangement i kompensasjonsordninga som Kulturdepartementet har ansvaret for. Dette har vi jobba hardt med i lang tid, og eg er glad for å sjå at Stortinget òg ser viktigheita av dette, seier han til NTB.
Han opplyser vidare at regjeringa umiddelbart vil setje i gang eit arbeid basert på Stortingets vedtak retta mot underleverandørane.

Publisert: 18.06.2020 13:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26