Kort fortalt

Løn er avgjerande

Kvinner forlèt jobbar av same grunnar som menn.

23.03.2016
(NPK): Løn, og ikkje familie, er den viktigaste grunnen til at kvinner i trettiåra forlèt jobbane sine. Menn og kvinner deler fire av dei fem viktigaste grunnane.
Ein global studie gjort av ICEDR viser at leiarar trur kvinner forlèt arbeidet på grunn av familie, og menn på grunn av løn. Når ein spør kvinnene sjølve vert biletet annleis, melder .
Den viktigaste grunnen til at kvinner forlèt arbeidet er at dei har funne ein annan jobb som betalar betre, medan den viktigaste grunnen for menn er eit ønske om utvikling.
Av dei fem viktigaste grunnane viser studien at menn og kvinner deler fire av dei. Ønsket om meir tid med familien er den femte viktigaste grunnen til at kvinner byter jobb. (©NPK)

Publisert: 23.03.2016 11:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47