Kort fortalt

Lønnskompensasjonen er forseinka

Det melder NAV.

11.05.2020
NPK-NTB: Ordninga som skal sikre permitterte full lønn under koronakrisa, er forseinka, opplyser Nav.
I mars vedtok Stortinget at dei som blir permitterte, skal få full lønn dekt av Nav frå dag 3 til 20. Ordninga skulle vere på plass innan mai.
– Vi var for optimistiske. Vi hadde håpt vi skulle klare å få søknadsfunksjonen ferdig i desse dagane, men vi kjem til å trenge meir tid. Det beklagar vi, og vi har stor forståing for at dette er vanskeleg for dei som er rørte, seier beredskapsleiar Yngvar Åsholt i Nav.
Nav jobbar iherdig saman med Arbeids- og sosialdepartementet for å finne løysingar slik at utbetalingane kan komme så raskt som mogleg, opplyser han.

Publisert: 11.05.2020 18:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27