Kort fortalt

Lønnsvekst i 2017

Dei fleste fekk høgare lønn i fjor.

26.02.2018
NPK-NTB: Dei fleste fekk ein lønnsvekst på rundt 2,5 prosent i fjor, viser ferske tal frå Teknisk berekningsutval (TBU).
Nøkkeltala som vil danne grunnlaget for lønnsoppgjeret i år, vart lagt fram måndag.
Saman med tal for prisveksten utgjer tala over lønnsvekst dei viktigaste parametrane for lønnsforhandlingane.
Ifølgje TBU var lønnsveksten i dei største forhandlingsområda frå 2016 til 2017 på 2,5 prosent i gjennomsnitt. Reallønnsveksten etter skatt for lønnsmottakarar med gjennomsnittslønn i desse områda er førebels berekna til mellom 1 og 2,2 prosent.
TBU anslår samtidig at konsumprisen vil vekse med rundt 2 prosent frå 2017 til 2018.

Publisert: 26.02.2018 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39