Kort fortalt

Løyser ut Fjord1-aksjar

Havila med full kontroll.

Marius Rosbach
26.07.2021

Havila Holding kontrollerer no 98,8 prosent av aksjane i Fjord1 og løyser ut dei resterande aksjane til ein pris på 52 kroner per stykk.

Det blir opplyst i ei børsmelding frå Fjord1 måndag ettermiddag.

Tvangsutløysinga blir gjort via selskapet Havilafjord, som er eigd av Sævik-familien. Då statsminister Erna Solberg nyleg var på besøk i Herøy, fortalde Per Sævik at eit oppkjøp av resten av aksjane i Fjord1 ikkje var langt unna.

Havila held fram med planen om å ta reiarlaget av børs, og skal eige Fjord1 50/50 saman med sin amerikanske partnar Vision Ridge Partners.

Publisert: 26.07.2021 16:53

Sist oppdatert: 28.07.2021 21:10

Mer om