Neteland
AKSJESAL: Adm. dir. Dagfinn Neteland har seld alle aksjane sine i Fjord1, og får vel 3,1 millionar kroner på konto. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fjord1-leiinga sel alle aksjane

Fjord1-direktør Dagfinn Neteland sel aksjar for 3,1 millionar kroner.

12.07.2021

I samband med at det Sævik-kontrollerte Havilafjord tar full kontroll over Fjord1, og tar selskapet av børs, har heile toppleiinga i selskapet seld sine aksjar.

I ei børsmelding frå selskapet måndag vert det opplyst at Dagfinn Neteland, administrende direktør i Fjord1 har seld 59 988 aksjar til ein kurs på 52,00 kroner aksjen. Verdien på salet er dermed på vel 3,1 millionar kroner.

Vidare har finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe seld 17 939 aksjar, driftsdirektør Andrè Høyset 18 005 aksjar og teknologi- og prosjektdirektør Nils Kristian Berge seld 10 720 aksjar, alle til 52 kroner aksjen.

Halvt amerikansk
Heile selskapet vert no prisa til 5,2 milliardar kroner. Det er 2,3 milliardar kroner meir enn ved børsintroduksjonen i mai 2017. Dette skjedde etter at Sogn og Fjordane Fylkeskommune etter ein lang prosess til slutt i april 2017 valde å selje sine 26 prosent i transportselskapet til Havilafjord, som fekk kontroll over Fjord1. Då fylkeskommunen selde, vart Fjord1 prisa til 1,8 milliardar kroner.

Målet er no at Fjord1 vert halvt amerikansk ved at Sævik-familien skal selje seg ned til 50 prosent eigarskap, slik at Havilafjord og det New York- og Colorado-baserte investeringsselskapet Vision Ridge Partners eig 50 prosent kvar.

Publisert: 12.07.2021 09:38

Sist oppdatert: 12.07.2021 10:06

Mer om